I morgon går startskotet for ei ny proffveke for ambisiøse fotballspelarar i alderen 13-16 år i Stryn. Proffveka i Stryn betyr læring på høgt nivå med internasjonalt godt kvalifiserte ungdomstrenarar.

Dei profesjonelle instruktørane i år er: Paul Lever, Chris Williams, Brad Douglass og Roar Wold. Wold er ungdomslandslagstrenar for jenter 16 og spelarutviklar i Rogaland.

- I tillegg til dei fire har vi i år fått med Jorge Aguiar, tidlegare portugisisk meister og ansvarleg for ungdomslaget FC Braga i Portugal, seier Johann Sigurdsson som er primus motor og sportsleg ansvarleg for den store samlinga med 84 lovande fotballspelarar frå fylket.

Over 150 søkte om plass i Proffveka, og uttaket av 42 gutar og like mange jenter var ikkje enkelt.

- Vi søkte hjelp frå spelarutviklar og soneansvarlege i fotballkretsen, seier Sigurdsson. Han understrekar den gode støtta han har frå nøkkelpersonar og frivillege i Stryn på alle felt, også når det gjeld mat og overnatting.

To treningar skal spelarane ha kvar dag, og onsdag vert ein stor dag med grillkveld og der lagbygging står i fokus, seier Sigurdsson.

Fylgjande lokale spelarar har fått plass i proffveka:

Gutar: Marius Arntsen, Oskar Breivik, Olav Egset, Sondre Erdal, Peter Frausing, Sigurd Fænn, Ole-Ivan Glosvik Espeland, Sander Amble Haugen, Sigmund Kjøsnes, Håvard Kroken, Bjørnar Lyslo, Jens August Muri, Stian Olsbø, Johan Olav Parr Flo, Marius Rauset, Eirik Sæten, Johannes Tenden, Magnus Vik Skrede.

Jenter: Andrine Bøe, Hege-Renate Espeland, Kristine Ekern Glosvik, Anna Johannsdottir, Jannike Melheim, Kaja Sæbø, Kaisa Vollsnes Wemby, Hedda Øvreberg.