Leiv Reksten, Nordbygda og Rand i klasse V55 skaut glimrande på bane i dag under landsskyttarstemnet på Lesja. Med 249 poeng ser han ut til å få skive 1 under finaleskytinga komande torsdag. Også Andreas Solvik, Hornindal og Markane skaut godt med 246 poeng. Dermed kjem dei to truleg på same finalelag.

- Det har vore mykje god skyting her på Lesja. Vi er ikkjeferdig med innleiande skytingar ennå, men det er godt i gang, seier Annette Rogne til Fjordingen.

-Nordfjord samlag har fleire unge som er på finalelag. Allefinalegrensene er ikkje sett ennå, men det vi veit er at JohannaReksten, Nordbygda og Rand, har fått 29/21 på felt og er i finalenfor juniorar. (fianlegrense 29 poeng) Jakob Lotsberg, Nordbygda ogRand, har skote 30/23 og er nok i finalen for klasse Rekrutt. RogerAaland, Nordygda og Rand, klasse 3 har fått 28/14 på felten.Finalegrense ikkje fastsett enda. Maks poengsum på felt er 30/30.

Jonas Rogne, Stryn, klasse 4, gjorde det bra på felthurtigskyting med tida11.25 Dette held nok ikkje til finale, men det er eit godt resultat.

Annette Rogne kan fortelje om kaldt ver på campen. Natt til laurdag var det 4,5minusgrader og dei som hadde tidligast opprop måtte skrape is avbilane!! Ho kan fortelje om greie sanitærforhold,ryddig og greitt elles.