Amerikanske Joseph Gray vann herreklassen i den 14. utgåva av Skåla Opp - Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Italienske Antonella Confortola Wyatt var første kvinne i mål. Ingen av dei var i nærleiken av rekordane til Ahmet Arslan og Anita Håkenstad Evertsen.

Joseph Gray går i mål som vinnar av Skåla Opp 2015. Foto: Jan Erik Sandbakk.

798 løparar stilte opp i konkurranseklassen (tak på 800). - Det vil ta litt tid før vi veit kor mange som gjekk i trimklassen, svarar løpsleiar Erik Rune Brendefur når Fjordingen spør om fjorårets deltakarrekord på 1935 vart slegen.

Før løpet knytte det seg store forventingar til  Kilian Jornet som dagleg trenar 1.500 høgdemeter. Men han vart aldri noko meir enn ein programhelt etter eit merkeleg løpsopplegg, der spanjolen la seg 60.-70. plass ut frå start på Tjugen. Sjølv om han avanserte mange plassar, vart Jornet  berre nummer 9. Mellom anna slegen av Kristen Skjeldal.

Johan Bugge frå Eidsvåg i Romsdal og Joseph Gray opna hardast. Jonathan Wyatt som før løpet uttalte at han ville starte litt forsikt, låg fleire minutt bak etter halve distansen. Sjølv om Wyatt i kjent stil avslutta sterkt, måtte han ta til takke med 4. plass. Bak vinnar Gray kom Stian Angermund-Vik som eit "skot" og sikra seg andreplassen. Bugge vart nummer tre.

Resultat herrar: 1. Joseph Gray 1.09.01, 2. Stian Angermund-Vik 1.09.14, 3. Johan Bugge 1.10.43, 4. Jonathan Wyatt 1.11.10.

Antonella Confortola Wyatt tok ein suveren siger i dameklassen. Foto: Jan Erik Sandbakk

I dameklassen fekk vi desse tre på topp: 1. Antonella Confortola Wyatt 1.23.19, 2. Laura Orque 1.24.45, 3. Anita Håkenstad Evertsen 1.27.56.

Mykje folk var samla i teltet på Tjugen, der dei var oppdatert om utviklinga i løpet. Foto: Harald Vartdal

Skåla Opp har blitt ein folkefest - først og fremst for deltakarane, men også for publikum. I teltet på Tjugen heldt Jan Heggheim og Stig Roger Eide heldt dei mange frammøtte oppdatert på utviklinga i løpet. Utover ettermiddagen blir det diverse underhaldning, før arrangementet vert avslutta med premieutdeling og grillfest på Hotel Alexandra.

Stig Roger Eide (t.v.) og Jan Heggheim heldt publikum godt oppdatert. Foto: Harald Vartdal