Molde FK og Per Egil Flo møter nederlandske Ajax, skotske Celtic og tyrkiske Fenerbahce i europacupen i fotball.

Det er klart etter trekninga i dag der Molde hamna i Gruppe A.

- Eg er veldig fornøgd med trekninga. Eg håpar på stort trøkk, både på heime- og bortekampane. Dette er ei fin mulegheit for oss, og det blir kjekt å få møte så mange gode lag, seier Per Egil Flo til Fjordingen.

Laget kvalifiserte seg til gruppespelet etter ein spennande bortekamp mot Standard Liège i går. Resultatet vart 3-1 til heimelaget, men Molde vann samanlagt 3-3, og gjekk dermed vidare på bortemålsregelen.

Ein annan stryning var også i aksjon i europacup-kvalik i går. Ulrik Flo spelte heile andre omgang då nyeklubben Odd spelte returoppgjeret mot Borussia Dortmund i Tyskland. Som venta fekk både han og resten av dei norske spelarane ein tøff kamp mot det tyske storlaget. Sluttresultatet vart 7-2 til heimelaget, etter 3-4 i heimekampen.