Presterte på topp

Inger Anne Frøysedal satte norsk U-23 rekord da ho vart nummer ni på Fana Stadion.

Inger Anne Frøysedal (21) blei nummer ni i tresteg under helgas Super League-finale for landslag på Fana Stadion.

Jan Hansen og Dag Eliassen
Publisert: 20.06.2010 kl. 10:52
Endret: 20.06.2010 kl. 10:54

Med resultatet 13,63 meter sette ho ny pers og norsk U23-rekord. Strynejenta var berre 15 centimeter frå å kome til finalen. Då ville ho fått tre nye hopp.

- Dette var veldig bra. Personleg rekord på ein dag då teknikken ikkje fungerte heilt som eg hadde håpa må vere godkjent, seier Inger Anne som og hadde eit hopp på 13,43 meter ved sida av eit dødt i tillegg til hennar personlege rekord i helga. Frå før hadde Inger Anne 13,60 som bestenotering, sett for nokre veker sidan i Sverige.

Les meir i papirutgåva