Stryn tok kommandoen frå avspark og sikra seg ein komfortabel siger 1-4 mot Vik fredag kveld.
Endret: 02.07.2010 kl. 20:56
Stryn gjekk i angrep rett frå avspark på Vik stadion. I følgje Sogn Avis fekk Stryn ein trippelsjanse berre halvminuttet etter avspark. Jon Terje Tjellaug førte gjestene opp i leiinga frå fem-meteren.
Vik hadde fleire sjanser til å utlikne, men i staden var det måltjuven Christian Holko som dobla leiinga for Stryn fire minutt før pause.
Eitt kvarter ut i 2. omgang kunne same Holko setje inn sitt andre mål for dagen. Dermed stod det 0-3. Og i det 73. minutt var det Stian Sandal sin tur til å auke leiinga til 0-4.
Fire minutt før ordinær tid var omme, reduserte Vik til 1-4 ved Øystein Myrkaskog.
Eid tapte 0-2 for serieleiar Tornado Måløy. Dermed klatra Stryn forbi Eid på tabellen og kan ta sommarferie på 3. plass.
