Hornindal Rundt på godt under 11 timar

Thomas Andersen frå Fana IL gjekk til topps i det aller første fjelløpet Hornindal Rundt. Tida var 10 timar 42 minutt og 25 sekund.
Hans Holmøyvik
Publisert: 10.07.2010 kl. 21:15
Endret: 10.07.2010 kl. 21:15

60 stilte på startstreken på Grodås laurdag morgon. Dei fordelte seg med halvparten på kvar av distansane, 35 km og 70 km.

Det vart ei kraftprøve og ein del valde å bryte løpet. På den lengste distansen skulle deltakarane forsere i alt 5.200 høgdemeter, på halve distansen dreia det seg om 2.750 høgdemeter.

Thomas Andersen (36) leia frå start til mål. Andremann, Ivar Haugen frå langrenn.com BIL var over 23 minutt bak vinnaren i mål.

På den halve distansen vann Einar Fannemel, Hornindal, herreklassen og Ingvill Flo, Stryn, dameklassen. Fannemel si tid var 5 timar 09 minutt og 58 sekund, medan Flo fekk notert tida 7 timar 59 minutt og 56 sekund.