EM-billett til Inger Anne Frøysedal

Inger Anne Frøysedal skal til EM i Barcelona. Foto: Brynjar Trydal Solheim
I går vart det klart at Inger Anne Frøysedal får delta i tresteg i senior EM i Barcelona neste veke.
Brynjar Trydal Solheim
Publisert: 19.07.2010 kl. 14:31
Endret: 19.07.2010 kl. 16:43

- Eg gler meg. No byrjar det å gå opp for meg kor stort dette er, seier Inger Anne Frøysedal på telefon frå Oslo.

Strynejenta som representerer idrettsklubben Tjalve er den einaste i Norge som har klart B-kravet i tresteg til EM.

- Målet mitt er å få erfaring i eit internasjonalt stemne på seniornivå. Eg vil konsentrere meg om å gjennomføre tre gode hopp, seier Frøysedal.

Les meir i papirutgåva