Store skyttardagar på Sindre

Stemneleiar Per Øen (t.v.) og standplassjef Andreas Solvik ser fram til flotte skyttardagar på anlegget i Markane. I bakgrunnen Cato Solvik.

Olsokstemnet i Markane 22.-25. juli samlar over 200 skyttarar.

Harald Vartdal
Publisert: 21.07.2010 kl. 14:16
Endret: 21.07.2010 kl. 14:19

Olsokskytinga til Markane Skyttarlag som første gong vart arrangert i 1929, er det mest tradisjonsrike skyttarstemnet på Nordvestlandet.

Den store deltakinga gjer at skytinga går over fire dagar, opplyser stemneleiar Per Øen.

Rekorden på Olsokstemnet tilhøyrer til Ole Arild Aa frå Hyen. I 2008 noterte han seg for fantastiske 397 poeng på skytinga som i tillegg til den vanlege 25-skotserien omfattar fem skot kneståande, fem ligg og fem ståande i løpet av 4 minutt.

At bana på Sindre er mellom dei beste i landet, vart dokumentert då Ola Tore Dokken på norgescupstemnet i 2002 noterte seg for 350 poeng. Dette var første gong ein norsk skyttar skaut offisielt 35 tiarar på 25-skotserien pluss omgang.

Bana på Sindre er skjerma for vind og vi forventar gode resultat i generalprøva før Landsskyttarstemnet. Olsokstemnet er saman med Sunnylven Skyttarlag sitt parallellstemne i Hyttehola siste sjanse til å kvalifisere seg til finalen i Toyota-cupen, fortel standplassjef Andreas Solvik.

Arrangøren forventar at godt over 200 skyttarar deltek på stemnet som startar torsdag og varer til og med søndag.

Det fine parkanlegget gjer at mange stoppar opp. Både aktive og publikum kan fylgje skytinga på storskjermar inne i paviljongen og i skyttarhuset. Vi tilbyr også middagsservering, opplyser stemneleiar Øen.

Olsokstemnet er kjent for god premiering. Ein tradisjon som blir halden i hevd med fine premiar til beste individuelle og tremannslag.

Vi ønskjer alle velkomne til store skyttardagar på Sindre, seier stemneleiar Per Øen og standplassjef Andreas Solvik.

På forsiden nå

Opnar to år gamal veg i Utvik

Den 90 meter lange fylkesvegparsellen i Utvik sentrum som stod ferdig asfaltert i august 2008, er omsider klar for gjennomkøyring. Les mer

E39 Kvivsvegen står fast

Kvivsvegen som del av E39 mellom Ålesund og Skei står fast. Les mer

Ein bilførar mista lappen

Ein person mista førarkortet då UP hadde kontroll i Stryn tysdag. Les mer

Store artistnamn til Stryn

Konsert med Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad er først ut i ein lang og innhaldsrik kulturhaust i Stryn. 18. september står dei kjende artistane på scena i kulturhuset. Les mer

Må betale tilbake

Stryn kommune må betale tilbake pengar i 12 saker der dei feilaktig har kravd oppgjer for sjukeheimsbebuarar på avlasting. Les mer