På plass i EM-byen

Inger Anne Frøysedal gler seg til EM i friidrett i Barcelona. Målet hennar er å få erfaring på det øvste nivået, når ho torsdag skal ut i kvalifisering. Foto: Tore Erik Thoresen/NFIF
Strynejenta Inger Anne Frøysedal er no på plass i EM-byen Barcelona. På torsdag debuterer ho i senior-EM med kvalifisering i tresteg.
Tommy Nilsen
Publisert: 27.07.2010 kl. 09:54
Endret: 27.07.2010 kl. 09:54

Inger Anne Frøysedal frå idrettsklubben Tjalve, er den einaste i Norge som har klart B-kravet i tresteg til EM. Og torsdag ventar alvoret. Klokka 12.30 starter utøvarane med kvalifiseringshopp i både A og B gruppene. Strynejenta har edruelege forventningar til senior-EM:

Målet mitt er å få erfaring i eit internasjonalt stemne på seniornivå. Eg vil konsentrere meg om å gjennomføre tre gode hopp. Men det skal verte moro å få konkurrere med dei store, sa Inger Anne Frøysedal til Fjordingen førre veke.