EM-debut med 12. plass for Frøysedal

I sitt første senior-EM i friidrett hoppa Inger Anne Frøysedal 13.51 meter i Barcelona torsdag. Målet hennar er framleis å ta norsk rekord i junior- og senior-NM. (Foto: Thore-Erik Thoresen/NFIF)

I senior-EM i friidrett i Barcelona i dag, debuterte Inger Anne Frøysedal med ein 12. plass i kvalifiseringsgruppe B.

Publisert: 29.07.2010 kl. 14:22
Endret: 29.07.2010 kl. 14:23

Hennar beste tresteghopp var på 13.51 meter. Debutanten var skuffa over hoppet, men er likevel godt fornøgd med erfaringa.

- Eg hadde ikkje heilt dagen og er nok langt frå fornøgd. Eg føler at eg er i betre form, seier Inger Anne Frøysedal til Friidrett.no.

Friidretts-EM i Barcelona er Inger Anne Frøysedal sitt aller første på seniornivå.

Les meir i papirutgåva.