Ser etter ein ny Gerrard

Seks av instruktørane i proffveka i spissen for 72 unge fotballtalent. Framme frå venstre: Bjørn Skjeldestad, Stig Nord, Johann Sigurdsson, Paul Lever, Jon-Terje Tjellaug og Tom Edvinsen.
Foto: Ove Sveen
Seks av instruktørane i proffveka i spissen for 72 unge fotballtalent. Framme frå venstre: Bjørn Skjeldestad, Stig Nord, Johann Sigurdsson, Paul Lever, Jon-Terje Tjellaug og Tom Edvinsen. Foto: Ove Sveen
Paul Lever i aksjon med ballen. Foto: Ove Sveen
Paul Lever har vore trenar på Akademiet til Liverpool i 15 år. Under Proffveka for 13-16-åringar i Stryn er han instruktør og ser gjerne at det dukkar opp eit nytt talent av Steven Gerrard sitt kaliber.
Ove Sveen
Publisert: 11.08.2010 kl. 14:30
Endret: 11.08.2010 kl. 10:12

Stryn Fotball med sportsleg ansvarleg Johann Sigurdsson i spissen, har gjort det kunststykket å få den meritterte ungdomstrenaren til Stryn. Saman med andre dyktige trenarar i fylket er han denne veka i full sving med å instruere 72 unge fotballtalent frå fylket. Laurdag er det seriestart i Premier League i England, og det er mange unge på Stryn stadion som drøymer om ein dag å bli profesjonelle fotballspelarar i England.

Proffveka i Stryn blir arrangert for første gong, og det var naturlegvis eit nålauge å få bli med på samlinga. Måndag var det registering på stadion med avsluttande treningsdrill på køyreplanen før dei tilreisande spelarane kunne slå seg til ro for natta på Stryn vidaregåande skule. Tysdag var dei tidleg oppe til frukost på stadion før ei ny treningsøkt gruppevis. Paul Lever som har jobba med unge stortalent i England i meir enn 30 år instruerte i pasningsspel, og det var heiltende elevar som undervegs også fekk høyre mykje om Gerrard & Co. Lever instruerte både på treningsfeltet og teiknebrettet.

Les meir i papirutgåva