Stryn utklassa Høyang med 9 -1 (3 - 1) på Stryn Stadion laurdag.
Endret: 21.08.2010 kl. 19:29
Høyang opna scoringane etter eitt minutt med eit mål som var tenkt som eit overlegg, men som hamna bak strynekeeperen og i mål. Stryn brukte to minutt på å skape balanse i rekneskapen, og etter det var det berre Stryn. Høyang kan takke ein god keeper for at resultatet ikkje vart verre.
Stryn spelte ein kamp der heile laget fortener ros, men det viste tydleg at det var eit møte mellom toppen og botnen på 3. divisjonstabellen. Trass i den store sigeren med fem mann på scoringslista, sløste dei med sjansane.
Sigeren endra ikkje på tabellsituasjonen for Stryn. Tornado/Måløy vann 10 – 1 over Vik og Årdal 3 – 2 over Sandane.
Les meir i papirutgåva
