Stryn tok tre poeng etter sterk andreomgang

Kåre Balsnes jublar etter scoringa der han førte Stryn opp i leiinga 2-1.
Foto: Hans Holmøyvik
Kåre Balsnes jublar etter scoringa der han førte Stryn opp i leiinga 2-1. Foto: Hans Holmøyvik
Med siger 3-1 over Eid laurdag klatra Stryn opp på andreplass på tabellen i 3. divisjon fotball.
Hans Holmøyvik
Publisert: 28.08.2010 kl. 19:55
Endret: 28.08.2010 kl. 19:55

Stryn spela ein heller laber første omgang, og det var ikkje ufortent at Christoffer Hafsås gav heimelaget leiinga i på Eid stadion i det 24. minutt. Utover i omgangen kom Stryn sterkare, og Mathias Eikenes utlikna til 1-1 like før pause.

I andre omgang hadde Stryn kommandoen det aller meste av tida. På ein imponerande måte sikra raudtrøyene sigeren med scoringar av Kåre Balsnes i det 76. minutt og Mathias Eikenes fem minutt seinare.

I og med at Årdal gav frå seg to poeng då dei fredag spela 0-0 mot Fjøra, klatra Stryn opp på andreplass på tabellen med betre målforskjell enn sogningane. Tornado Måløy slo Florø 1-0 og toppar 3. divisjon med 40 poeng. Stryn og Årdal har 35 poeng, og på fjerdeplass følgjer Eid med 31 poeng.

Les meir i papirutgåva måndag