Stryn slo Sandane heile 9-0 i 3. divisjon i dag på Stryn stadion. Stryn dominerte frå start til slutt mot eit tafatt Sandane-lag, og sigeren kunne vore langt større etter alle målsjansane.
Endret: 04.09.2010 kl. 19:00
Stryn ville ikkje undervurdere Sandane ein gong til og tok initiativet frå start. Ved pause stod det 5-0 til heimelaget etter mål av Jan Marius Brekke, Jon-Terje Tjellaug, Per Ole Tenden, Petur Heidar Kristjansson og Karl Erik Aarsheim. Like før sidebytte kom Kåre Balsnes inn for Karl Erik Aarsheim, og Balsnes la på til 6-0, 20 minutt ut i omgangen. Deretter var det Stian Sandal sin tur før Jan Marius Brekke avslutta med to fulltreffarar like før slutt.
-Vi spelte ein veldig god 1. omgang og ein middel 2. omgang, og forsvaret stod godt kampen igjennom. Sterkt at vi heldt motstandaren nede på ei halv målsjanse i heile kampen, oppsummerte strynetrenar Edvard Nordang etter kampen. Like glad var han ikkje for resultatet i Årdal der serieleiar Tornado Måløy vann 4-1. No blir det tøft å vinne serien. Stryn ligg fem poeng bak Tornado Måløy og håpe på at Sogndal 2 mobiliserer for fullt på heimebane og slår serieleiaren på Fosshaugane 4. oktober. Men før det møter Stryn Tornado Måløy heime om 14 dagar.
Les meir i papirutgåva.
