Hafsås-siger nummer 136

Helge Hafsås, Olden IL, held fram med å vinne maratonløp. No er han oppe i 136 sigrar.
Sport

Laurdag vann milslukaren frå Olden klassikaren Bergen Maraton på tida 2.42,23. Helge Hafsås var nesten tre og eit halvt minutt føre andremann på resultatlista. Dette var oldaren sin maratonsiger nummer 136! Ei sigersrekkje ingen andre kan vise maken til.

Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, vart nummer tre i klasse 55-59 år i løpet i Bergen. Haugen fekk notert tida 4.11,38. Dette var Haugen sitt maratonløp nummer 401, etter å ha runda 400-grensa i Kristiansund forrige helg. Ingen andre i Norge har fullført så mange maratonløp.