Endret: 27.01.2012 kl. 13:14
Johan Eirik Meland, Markane IL vart juniornorgesmeister i klasse 18 år på fellesstarten på Lillehammer fredag. Han var 12 sekund føre Aslak Nenseter frå Bø. Meland starta moderat til han å vere, men etter 3. skyting hadde han avansert kraftig og hadde pallplassen inne. På slutten kunne ingen hamle opp med stryningen.
