Som ein av 27 norske deltakarar reiser Ivar Ulvedal (32) i dag til Special Olympics World Winter Games i Sør-Korea.

I Pyeongchang samlast 3.000 utøvarar frå 113 land. I dei olympiske leikane for psykisk utviklingshemma blir det konkurrert i sju ulike greiner. Langrenn er Ivar Ulvedal sin idrett.

Den norske troppen tel 12 langrennsløparar. Ulvedal skal gå 5 kilometer, 10 kilometer og kanskje stafett.

- Eg gler meg veldig, seier Ivar Ulvedal til Fjordingen når vi møter han eit par dagar før avreise og siste treningsøkt før konkurransane i Sør-Korea.Medaljesjansane vil ikkje skiløparen frå IL Veten ha særleg snakk om. Gleda ved då konkurrere på ski er det viktigaste. Men frå Special Olympics i Idaho i USA for fire år sidan, kom han heim med to gull og ein sølv.

Treningsgrunnlaget til Ivar Ulvedal er i alle høve godt. Sidan slutten av oktober har han hatt faste treningsdagar på snø på Ullsheim. Konkurransane i Pyeongchang, som skal vere OL-by i 2018, går i dagane frå 29. janaur til 6. februar.