Ivar Ulvedal gjekk eit nytt stort langrenn i Special Olympics laurdag og vann gull på 5 km klassisk i Peong Chang i Sør-Korea. Han har neppe gått raskare tidlegare. Denne gongen på skarpt føre og med klister under skiene.

Fredag var det regn og vind heile dagen og det var frykt for at løypene skulle renne vekk. Brått slo det om til kuldegrader, og det vart klarver og supre forhold.

Ivar Ulvedal skal også gå 10 km og stafett i Sør Korea. Det er også venta innslag i Sportsrevyen frå Special Olympics World Games.