Maratonsiger nr. 155

Helge Hafsås vann sitt 155. maratonløp med startnummer 1 på brystet. (Foto: kondis.no) 

Sport

Helge Hafsås frå Olden tok laurdag sin maratonsiger nummer 155!  Det skjedde i Bergen. Hafsås sprang i mål på tida 2.44.36. Det var eit spennande spurtoppgjer. Avstanden til andremann var 13 sekund.

Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal, som sist helg vart rikskjendis etter å ha sprunge sitt maratonløp nummer 444 med startnummer 444 på tida 4.44.44,  fullførte sitt 445. maratonløp i Bergen. Denne gongen vart tida 4.23.06. Det heldt til 23. plass på resultatlista.