Maraton-vinnar for 156. gong

Helge Hafsås vann i helga sitt 156. maratonløp. (Foto: Harald Vartdal) 

Sport

Helge Hafsås, Olden IL vann laurdag Rett Vest for 14. gong. Dermed står han bokført med totalt 156 sigrar på heilmaraton!

Helge Hafsås si vinnartid i Florø var 2.42.33, som er årsbeste.

Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL sprang sin Rett Vest -maraton nummer 25, også han med ny årsbeste på 4.13.33.