Etter å ha sprunge i mål til suveren siger i Hornindal Rundt, gav Kristoffer Normark arrangøren dei beste skussmål.

- Dette er finaste løpet eg har delteke i nokon gong, sa svensken som brukte mindre enn 11 timar på den 75 km lange løypa med 5.600 høgdemeter.

Kristoffer Normark var nær ved å bryte løpet.

- Eg fekk litt problem med rygget midtvegs. Men smertene forsvann og resten gjekk sjukt bra, fortalde han.

Frå sin leiarposisjon hadde Kristoffer Normark lite kontakt med konkurrentane. Berre ein gong såg svensken ryggen til ein anna løpar.

- Det kom ein 15-åring (Rasmus Haugen) og sprang forbi meg. Sjølv om han berre skulle halvvegs, var det imponerande, slo Kristoffer Normark fast.