Stryn spelte ein svak kamp og tapte 1-3 mot Tertnes på Stryn stadion i dag. På sidelinja stod også 19-åringen Justas Busmic frå Litauen som nettopp hadde signert for Stryn og som kan bli ein verdifull spelar utover hausten. Ungguten har spelt i toppklubben FK Kruoja på høgre backplass og bur no i Innvik der han prøver å få seg jobb.

-Kva syntes du om kampen?

-Det var mange lange pasningar. Eg likar best å ha ballen langs bakken.

At langpasningane vart for dominerande i kampen, kunne også trenar Dagmund Evebø og veteran Jon-Terje Tjellaug skrive under på:

-Vi slo langt heile vegen og mangla bevegelse. Ballen kom like fort tilbake, sa Evebø.

-Vi slo for mykje på fremste bevegelse. Det vart for enkelt å lese for Tertnes. Vi hekk ikkje i hop som lag, sa Tjellaug.

Bortsett frå det gode opningskvarteret, skapte Stryn lite. Oddne Årdal skaffa Stryn leiinga på ei klassescoring etter 5 minutt, men før pause prikka den tidlegare Brann og LøvHam-spelaren Matias Møvik inn to fulltreffarar på veterankeeper Pål Erik Ytreeide utan å bli pressa av stryneforsvaret.

Frank Liljedal auka til 1-3 berre minuttet etter pause. Frå der og ut var det minimalt med underhaldning på Stryn stadion.

Keeperveteran Pål Erik Ytreeide måtte steppe inn på kort varsel. Her dirigerer han stryneforsvaret. (Foto: Stig Høynes)