Sander Amble Haugen (13) frå Innvik er eit stort fotballtalent. No får han mykje av draumen sin realisert gjennom eit treningsopphald i den hollandske toppklubben Feyenoord. Der skal han og Johan Hove frå Sogndal trene saman med 16 andre dyktige 13-åringar i ei veke.

-Eg er kanskje litt nervøs, seier den raske og tekniske gode midtbanespelaren som eigentleg har Manchester United som favorittlag. På treninga måndag stilte han med ei Feyenoord-trøye han fekk låne av Johan Sigurdsson si dotter, Anna.

Johann Sigurdsson, som saman med instruktør i krinsen, Jan Tore Ljåstad har bana veg for dei to unggutane i storklubben, seier at det er ingen ting å frykte. Dette må dei ta som ei god erfaring. Sander skal berre gjere ting enkelt og vere fokusert på dei rette vala på bana. Alvoret kjem først i 16-årsalderen når storklubbane hentar inn spelarar, seier han.

- Spelegleda, holdninga og ferdigheitene har Sander i massevis. Det var difor vi la fram førespurnaden om han kunne få kome, seier Johann Sigurdsson. Også fedrane til dei to unggutane skal vere med til Rotterdam.