IL Veten har vedteke å flytte Nakkjen Ned frå skjertorsdag til langfredag. Dette på grunn av dårlege meldingar torsdag og prognose med finver for fredag.

-Vi trur dette skal bli ei god løysing, og vi kan få ein fantastisk dag ned frå Bergsetnakkjen. Traseen er lagt om og årets innkomst blir i Smørdalen. Dei som har lyst til å gå opp traseen, må i år rekne med 2-2,5 time når dei skal gå via Smørdalen. Elles satsar vi på å arrangere Mininakkjen Ned på eit slik tidspunkt at alle samlast samstundes til premieutdeling på Nordfjord Fritidssenter, seier rennleiar Oddvin Myklebust.