Isak Flo Bødal, Stårheim blir ny landslagsløpar frå Nordfjord i skiskyting sesongen 2014-2015. Dette vart klart i uttaket måndag. Flo Bødal kjem på juniorlandslaget. Ikkje uventa er Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø mellom dei seks landslagsløparane på seniorlaget for herrar. Der er dei tekne ut saman med Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Vetle Sjåstad Christiansen og Henrik L Abbe Lund.

Skiskyttarforbundet har teke ut 35 utøvarar på junior-, rekrutt og elitenivå for neste sesong. Blant rekruttar menn finn vi Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde. Egil Gjelland vert hovudtrenar for eliteherrane neste år. Espen Nordby Andersen er trenar.