Stryn tok leiinga mot Sogndal 2 på eit sjølvmål tidleg i kampen, men likevel vann Sogndal 3-1 heime på Fosshaugane Campus tysdag kveld. Stillinga ved pause var 2-1 til Sogndal 2 etter at heimelaget fekk to kjappe mål på overtid før kvila ved Asgrim Farnes og Truls Hovland. 10 minutt igjen av kampen la dei på til 3-1 og løpet var køyrt for raudtrøyene.

-I 1. omgang trilla Sogndal 2 ball, men dei skapte lite. Desverre fekk dei to mål på overtid i 1. omgang. Det eine på eit langskot som gjekk under Simen. Deira andre mål like etter var eit resultat av dårleg struktur i laget vårt etter at vi tapte ballen høgt oppe i bana, seier strynetrenar Dagmund Evebø.

-I 2. omgang kom det seg?

-Vi spelte ein veldig god 2. omgang, og eg vil påstå at vi var det beste laget. Vi trykte dei bakover og hadde skot i gode posisjonar. Desverre gjekk det utanfor. Vi lukkast ikkje i dei avgjerande trekka. Juty Johnny var også gjennom, men vart feilaktig avblåst for offside, seier Evebø.

Strynetrenaren stiller seg kritisk både til garderobeforholda Stryn vart møtt med og dei dårlege lysforholda på Fosshaugane:

-Eg synest ikkje dette er verdig dei som skal vere flaggskipet for fotballen i Sogn og Fjordane, seier Evebø.