Karl-Erik Aarsheim scora målet som sikra Stryn tre poeng mot AaFK 2.

- Eg fekk hovudet på corneren frå Peos (Per Ole Tenden). Det var herleg å sjå ballen i mål, fortel Kalle til Fjordingen.

Første omgang var jamn og sjansefattig. Etter pause produserte Stryn nok sjansar til å sikre ein komfortabel siger. I staden vart det spenning til siste sekund, der AaFK 2 sitt unge mannskap nær hadde utlikna på overtid då ballen strauk over tverrliggaren til strynekeeper Lillevik.

- Ein veldig fortent siger etter vår sterke 2. omgang. Vi held tett bakover og skaper mange store sjansar. Alt i alt er eg veldig fornøgd med det laget prestete,  oppsummerer strynetrenar Dagmund Evebø.

Karl Oskar Fjørtoft , som trenar AaFK 2 saman med Trond Fredriksen, har denne kommentaren :

- Ein jamn kamp der vi var hakket betre i første omgang, medan Stryn var hakket betre etter sidebyte. Så dette kunne ha bikka begge vegar.

- Stryn som forventa?

- Ja, det er eit lag som jobbar hardt og står på, seier Fjørtoft.