Helge Hafasås held fram med å vinne maratonløp. Laurdag vann han sitt 164. maratonløp då han gjekk til topps i Ålesund. Maratonløparane og halv maratonløparane starta likt i den same løypa. Så innstilt var oldaren på å vinne at han ville vere best på halvmaraton også, sjølv om han skulle springe dobbelt så langt. Difor slo han beste halvmaratonløper med seks sekund før han skulle ta fatt på den siste av to runder frå Moa. Tida hans denne gongen vart 2.51.25 etter godt 1.19 på første delen.

Inge Asbjørn Haugen sprang inn til årsbeste 3.47.09. Unge og talentfulle Youri van der Werve (15), også han frå Hornindal sprang halvmaraton på 1.28.26. Dermed forbetra han persen med heile 13 minutt og 52 sekund. Tida ville halde til ein 4. plass i klassen 20-34 år.