Postvegløpet i Markane har dei siste åra utvikla seg til å bli ein løparfest. 54 stilte onsdag med startnummer på brystet. I tillegg deltok 92 store og små i mosjonsklassa. I strålande solskin kunne motbakkeekspertane Arve Rindal frå Eid og Merete Helgheim, Gloppen innkassere sigrane i herre- og dameklassa.