Lars Erik Skjervheim vann ultraløpet Hornindal Rundt på tida 8 timar,  52 minutt og 30 sekund. Han knuste dermed Ola Hovdenakk sin "uslåelege" rekord frå 2011 med 1 time og 17 minutt!

For Lars Erik Skjervheim var dette hans andre store oppleving i Hornindal på mindre eit halvår. I april  vart det gull under NM i randonee i Grendadalen. No fekk han også synt sine krefter på bart underlag.

- De må gjerne arrangere fleire løp i  Honndalen, sa den 33 år gamle vossingen til speaker Svein Otto Espe som intervjua vinnaren i målområdet. At der ikkje var så mykje publikum, hadde si naturlege forklaring. Skjervheim kom nemleg i mål på Grodås ti minutt før den annonserte premieutdelinga for halvdistansen ved Horndøla bru!