13-årsgutane til Stryn starta meget godt med siger 3-1 overBogafjell IL frå Sandnes.

Alle var spente på motstander ogsamspelet i eige lag, som er forsterka med 3 spelarar frå Hornindalsamt 2 frå G11 Stryn.

Det fungerte meget bra og alle leverte overforventning. Solid innsats frå samtlige spelarar og eit godtsamspel sørga for at Stryn hadde full kontroll på kampen.Temperaturen var høg både på bana og sidelinja, vert det rapportert frå Jørring.

I ein kamp i 15-årsklassen slo Stryn Hinna FB 6-0. Målscorarar her var Hedda Øvreberg 2, Mariell Taraldset 2 og Julie Kandal 2.