Loen sine fotballgutar i 14-årsklassen slo til med heile 9-1 over Bryn i opningskampen i Norway -Cup på Ekebergsletta. Dette etter fire mål av Marius Rauset, tre av Eirik Sæten og to mål av Johannes Tenden.

Loen-gutane held fram med kamp mot Storsteinnes i kveld og mot Oppdal i morgon. Loen har 12 gutar i troppen og fyldig assistanse av leiarar og foreldre.

-Vi er totalt 28 personar frå Loen, seier hovudtrenar Geir Inge Rake. Han har med seg Odd Bjarte Rauset på trenarsida og Siv Rauset som oppmann.

Både Loen og Hornindal har sjuarlag med i Norway-Cup. For Hornindal sitt vedkomande gjeld det jenter 15-16 år. Dei starta innleiande kampar ved å spele 0-0 mot Team Nes 1. Om kort tid skal dei ut i sin andre kamp, mot Radøy Manger FC. I morgon møter dei Haramsøy/Nordøy FK.

-Vi hadde veldig mange sjansar, kanskje 10-12. Langt fleire enn motstandaren. Kanskje skal vi skulde litt på begynnar-nervar at vi ikkje fekk utteljing, seier trenar Robert Grodås.