Gutelaget til Loen og jentelaget til Hornindal vann sine grupper og er klare for A-sluttspelet med kampar onsdag. Loen sine gutar vann alle sine tre kampar i gruppespelet der dei avslutta med 4-0 over Oppdal i dag. Dei fekk dermed full poengpott og ein målskilnad på 24-1.

Honndalsjentene vann 3-0 i dag over Haramsøy/Nordøy FK og står med to sigrar og ein uavgjort i gruppespelet. Ikkje rart at RobertGrodås kunne ta jentene med ut på Peppes. Dette spanderte fotballgruppa.