Hornindal sine 15-16-årsjenter gjorde ein sterk innsats i Norway Cup. I går vann dei sin pulje og kom til A-sluttspelet, men i dag måtte dei bite i det sure eplet etter 1-2 tap for Løten i ekstraomgangar i 1/16-finalen. Dermed er cupeventyret ute for dei innsatsfylte jentene.

- Jentene spelte godt, og dette var synd. Slik er det i fotball. Det var ein jamn og tett kamp der Ida Kroken utlikna for Hornindal etter at Løten leia 1-0. Vi hadde store sjansar og mulegheit til å avgjere det før ekstraomgangane, men slik gjekk det ikkje. Løten sitt sigersmål kom etter eit skot der vi fekk klarering i ein spelar, men ballen "curla" vidare inn under tverrliggaren, seier trenar Robert Grodås.