Loen sitt 14-årslag for gutar tok seg vidare til 1/8-finalen i A-sluttspelet i Norway-cup etter at dei i kveld slo Ørskog 1-0 etter ekstraomgangar. Johannes Tenden laga sigersmålet eitt minutt før slutt. Då tok det heilt av i Loen-leiren kring den dårlege bana dei spelte på, på Ekeberg.

- Det er nesten umenneskeleg den innsatsen gutane la til grunn. Her vart fysikken heilt avgjerande, seier trenar Geir Inge Rake. Han legg til at det først og fremst var ein lagsiger, men at ein ikkje kunne unngå å leggje merke til sentrale spelarar som Marius Rauset og Olav Egset. Sistnemnde stod som ein bauta i midtforsvaret.

-Når vi veit at Eirik Sæten er ute med strekk og toppscorar Stian Olsbø ikkje er med, er dette fantastisk. Vi kunne avgjort det før i denne kampen på klart fleire sjansar enn Ørskog, seier Rake.