Loen sine gutar vart i dag utslått i 8-delsfinalen i A-sluttspelet i Norway cup. 1-3 vart resultatet mot Trio/Halsnøy frå Hordaland. Marius Rauset laga Loen sitt mål og enda på heile 11 scoringar i turneringa.

- Kampen kunne tippa begge vegar. Gutane kjende seg snytte for eit straffespark i 1. omgang, men etter kampen var dei raske til å omstille seg. Vi møtte eit bra lag, men vi var fullt på høgde heile kampen, noko reduseringa fem minutt før slutt vitnar om, seier fotballeiar i Loen, Jørn Moen.

Når vi veit at Eirik Sæten vart skadd med strekk i gruppespelet og at toppscorar Stian Olsbø ikkje var med i turneringa, har loarane presetert i overkant av kva som kunne forventast.

- Kva skal de gjere no?

- Først og fremst slappe av på hotellet. Fleire foreldre og spelarar held fram med å feriere i hovudstaden, seier Moen.