Roger Sevrin Bruland frå Utvik dokumenterer koronakrisa for omverda:
- Noko av det mest dramatiske eg har sett
Roger Sevrin Bruland frå Utvik har med stort mot reist rett inn dei verst koronaramma områda i Italia for å dokumentere situasjonen, no sist også på intensivavdelinga blant dei dårlegaste pasientane. – Dette er noko av det mest dramatiske eg har sett, seier NRK-reporteren, som understrekar at det er viktig at ein no er ansvarlege og held smittevernreglane.