Hans Magnus Nedreberg brukte slåttetromme for å markere kulturminnedagen for opna sist søndag.

Instrumentet vart brukt av folk med militær bakgrunn, når det ikkje var fele til å spele slåttar, eller på stader der fela vart sett på som fanden sitt instrument.

Kulturminnedag skal fremje forståing for vern av kulturminne og kulturarv. Nedrebergtunet har i mange år vore arena for markeringa i Stryn.

Kulturminnedagen vert i heile Europa markert i september. Torild og Amund Nedreberg innbyr kvart år til markering. Samarbeid er stikkord for arrangementet.

Nedrebergtunet, Stryn kommune, Stryn husflidslag, Bergsida grendalag, Stryn historielag og Stryn bygdekvinnelag har gått saman om å løfte fram kulturarv og lære vekk gamle handverkteknikkar. Temaet for dagen i år var ”Se hva vi kan! Kompetanse og kunnskap i kulturvernet”.

Hovudtema var Stryn kommune si satsing på å registrere kulturminne kring om i bygdene. ”Mitt kulturminne” er arbeidstittel på prosjektet der alle fekk høve til å ha framlegg. Det er registrert 51 ulike kulturminne som no skal vurderast. Stryn historielag har stått for intervju av kandidatane som har eit kulturminne å fremje.

Naturvernleiar Odd Rønningen var hovudtalar og la fram prosjektet som i haust skal ut til høyring.

– Vi har spurd folk. Vi har ikkje brukt ekspertar for registeringa og verdivurderinga, sa Rønningen.

Orienterte: Miljøvernleiar Odd Rønningen frå Stryn kommune orienterte om prosjektet ”Mitt kulturminne” der 51 personar er intervjua av Stryn historielag.