Dagens leiarartikkel

Framskunda samanslåing?

Ordførarane Stig Olav Lødemel t.v. i Hornindal og Jørgen Amdam i Volda har oppmoda rådmennen sine om å gje ei vurdering rundt eitt års tidlegare samanslåing mellom kommunane.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

abonnent

Samanslåing av kommunane Hornindal og Volda kan bli framskunda med eitt år. Ideen om raskare samanslåingsprosess kom fram i førre møte i fellesnemnda, og kom frå rådmannen i Nøtterøy. Ho er sjølv oppe i ein tilsvarande prosess som skjer med eitt år kortare tid enn det det er lagt opp til for samanslåinga av Hornindal og Volda.

Fellesnemnda vurderte innspela som interessante og har i første omgang bede rådmennene i Hornindal og Volda gjere vurderingar og avklaringar på om det er mulig å få til samanslåing frå 1. januar 2019. Denne vurderinga skal vere klar til neste møte i fellesnemnda, 11. januar. Fellesnemndleiar Stig Olav Lødemel har sendt brev til kommunalminister Jan Tore Sanner med spørsmål om slik framskunding er gjennomførbar og akseptabel.