Klare til å finne fram spaden:

Samrøystes ja for fortgang på fv 60

Eit samrøystes samferdsleutval i Møre og Romsdal ønskjer fortgang på fv 60 mellom Tomasgard i Hornindal og Røyrhus bru i Stranda kommune.

Finn fram spaden: Frå venstre fylkesordførar Jon Aasen, ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad, ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel og prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen under opning av rassikringsprosjektet Hellesylt-Røyr. Tryggestad og Lødemel er klare til nye spadetak på fv 60 Tomasgard-Røyrhus bru.  Foto: Bengt Flaten

abonnent

Då saka var oppe til handsaming onsdag, stod ferdigstilling av reguleringsplan for problemstrekninga på dagsorden. Utvalet følgde opp tilrådinga frå fylkesrådmannen, der det heiter at Møre og Romsdal fylkeskommune bestiller ferdigstilling av planlegginga av strekninga med Statens vegvesen jf. vedtak i samferdselsutvalet. Arbeidet skal finansierast av kommunane.