Stryneordføraren om grensejusteringa

- Oppførselen til Lødemel har bygd ned tilliten

Etter at endeleg avgjerd er teken i grensejusteringsspørsmålet tek Sven Flo bladet frå munnen og kommenterer deler av prosessen han stiller seg svært kritisk til.  Foto: Roger Oldeide

abonnent

- Eg konstaterer at departementet har vektlagt to element i si avgjerd, i alle fall som dei formelt går ut med. Dei seier innbyggjarhøyringa har vore vektlagd som ein faktor og at det er prosentvis høgare del av dei i Kjøs som vil til nye Volda. Det andre elementet er avstanden frå Kjøs til Grodås i høve kommunale tenester. Dette er stikk i strid med det Fylkesmannen gjorde med si analyse, der dei tok med heilskapen. Her har dei teke ut to element i eit bilde som er langt meir omfattande, seier stryneordførar Sven Flo.