Rettssaka mot tre menn frå Romania pågår denne veka:

Alle tre innrømmer minibankinnbrot

Alle dei tre tiltalte mennene frå Romania innrømmer å ha stått bak innbrot og innbrotsforsøk mot minibanken i Stryn og fire andre stader i Norge i februar i fjor. Det kom fram under opninga av rettssaka som starta måndag føremiddag.

Inger Beth Fosse er aktor i rettssaka mot dei tre rumenske mennene.  Foto: Bengt Flaten

abonnent

Dei tre mennene ankom Sogn og Fjordane tingrett iført handjern måndag føremiddag. Fleire polititenestemenn og vakt frå arresten følgde dei tiltalte inn i retten og tok av dei handjerna før saka starta opp. Politiet sit vakt i rettssalen medan saka pågår.