4. divisjon: Det beste laget vann og det var diverre ikkje heimelaget som sesongdebuterte på eige gras laurdag.

Opprykksfavoritt Fjøra frå Sogndal, hadde tidleg taket på raudtrøyene og Espen Outzen sytte for 0 - 1 etter 24 minutt.

Fire minutt seinare set Mathias Garlid inn returen på sitt eige straffespark og utliknar, men så skulle det bli tøffare. Tidlegare strynespelar Karsten Bjelde får det til å sjå veldig enkelt ut og sender gjestane frå saftbygda i føringa på nytt etter 41 spelte minutt.

Garlid dreg på seg eit unødvendig gult kort ved å skyte vekk ballen før det spildrande nye stadionuret viser 45 minutt.

Gjestane held fram føringa også i andre omgang medan heimelaget nesten ikkje produserar sjansar. Etter 52 minutt scorar Andreas Lerheim Olsen enkelt etter eit hjørnespark.

Lyspunkt Her er Stryn framme på ein av få sjansar i andre omgang. Eit anna lyspunkt var det nye stadionuret ein kan sjå i bakgrunnen. Foto: Roger Oldeide

Det skal gå 62 minutt før Stryn får sin første målsjanse i andre omgang. Det skjer ved eit hjørnespark som Alexander Gudni Jakobsson med breisida set i mål til stor jubel for dei snautt 120 tilskodarane.

Med 2 - 3 lagar han ny spenning i kampen, men det er likevel nærare 2 - 4 enn utlikning før dommaren blåser av på stillinga 2 - 3.

- Eg synes vi er litt betre i andre omgang, men Fjøra er gode. Alt i alt skal vi vere ganske godt nøgd med 2 - 3 tap mot dette laget. Det er framleis veldig tidlig i sesongen, seier strynetrenar Geir Inge Rake.