- Dette var ein fantastisk god nyheit. No kan vi planleggje for catski-tilbod frå neste sesong, seier Nina Lensebakken, dagleg leiar ved Stryn Sommerski etter at ho onsdag fekk nyheita om at Stryn er ein av seks kommunar i landet som er plukka ut til eit seksårig prøveprosjekt med catski.

Det er Miljødirektoratet som har kunngjort i brev til Stryn kommune at kommunen er valt ut som ein av seks kommunar som får delta i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing. Dei andre kommunane er Jølster, Eid, Surnadal, Vang og Oppdal. Det betyr at halvparten av kommunane i prøveprosjektet ligg i Sogn og Fjordane.

Stryn kommune søkte inn Stryn sommarskisenter som kandidat for den seks år lange prøveordninga. Årsaka var at kommunen meinte sommarskisenteret ville vere den sterkaste kandidaten for Stryn.

Lensebakken merkar seg at Miljødirektoratet inviterer til informasjonsmøte 5. juni.

- Det betyr at catskiing uansett ikkje er aktuelt på Strynefjellet før i 2019. Ettersom tida gjekk og vi ikkje høyrde noko om korleis det gjekk med søknadene, var vi innstilte på at det ikkje ville bli opna for catskiing i år.

Og det er heilt greitt. Dette må planleggjast og gjerast skikkeleg både med omsyn til miljøet og med tanke på den opplevinga det skal vere for publikum. Vi har jobba hardt for å få vere med i prøveprosjektet, og er svært glade over nyheita som kom i dag.

Dette gir oss ein god og viktig muligheit til nødvendig utvikling av anlegget. Catskiing gjer at den øvste delen av området vert tilgjengeleg, noko som er svært viktig, seier Lensebakken.

- Sommarskisenteret har kjøpt inn kabin til å ha bakpå trakkemaskina?

- Ja, det gjorde vi for to år sidan. Han står førebels heime i hagen og ventar på å bli brukt.