Ber Vegvesenet om skilt og pengar til toalett

abonnent

Hornindal kommune bygde i 2017 offentleg toalett på Grodås, i tilknyting til bussterminalen vest for bensinstasjonen. Snart kjem det også på plass tømestasjon for bubilar i same området. Denne er kalkulert til 250.000 kroner.

Erfaringa syner derimot at reisande ikkje er klar over toalett-tilbodet, eller finn fram, på grunn av manglande skilting. No søkjer kommunen Statens vegvesen om hjelp til dette, samt bidrag til drift av tilbodet.

- Årlege kostnader med drifta av toaletta og tømestasjonen utgjer ca 200.000 kroner. Av dette søkjer Hornindal kommune eit årleg driftstilskot frå Statens vegvesen på kroner 75.000,- heiter det i søknaden.

Dei ønskjer skilt ved Hornindal kyrkje for sørgåande trafikk og ved Vikaelva for nordgåande. Dette i tillegg til skilt ved innkøyringa ved bensinstasjonen.

Sjølv vil kommunen syte for skilting aust for parkeringsplassen i sentrum sør, og på gavlveggen i vest i bygget der toaletta er lokalisert.