Selskapet Nordfjordbrua, som ivrar for å byggje bru mellom Lote og Anda, la måndag fram ein ny rapport som viser at trafikken mellom Lote og Anda vil bli tredobla dersom ferje vert  erstatta med bru. Rapporten er utarbeidd av Norconsult, på oppdrag frå Nordfjordbrua.

Rapporten seier at trafikken vil kome opp i mellom 4.000 og 4.500 pr. døgn samanlikna med dagens tal på i underkant av 1.400. Ordførar og bruforkjempar Alfred Bjørlo avviser at rapporten er noko forsøk på omkamp for å få E39-brua flytta frå indre til Lote-Anda. Bjørlo meiner i følgje NRK at dei to bruene ikkje vil konkurrere med kvarandre. «Sjølvsagt vil E39 i indre påverke trafikkgrunnlaget for Nordfjordbrua Anda-Lote, men absolutt ikkje så mykje som ein kanskje skulle tru. Begge prosjekta vil utløyse store positive regionale effektar», seier Bjørlo.

Det er lov å kjempe for sine prosjekt, og Bjørlo må gjerne hevde at hans bruprosjekt ikkje er noko forsøk på omkamp. Kall det kva ein vil, men i eit land der alle kjempar hardt om vegløyvingar, kan det hende nokon utanfor Nordfjord vil løfte på minst eitt augebryn, dersom Nordfjord skal få to brukryssingar omtrent samtidig, og temmeleg nær kvarandre.

Når rapporten frå Norconsult opererer med tredobling av trafikken på Lote-Anda, kjem dei opp i nær same totale trafikktal som Statens vegvesen har berekna for både E39-bru i indre og ferja Lote-Anda i år 2040. Kan hende har vegvesenet og Norconsult ulike metodar for å berekne trafikk, men vårt spørsmål er kvar den store trafikkauken på Lote-Anda skal kome frå, dersom brua heller ikkje skal påverke trafikkgrunnlaget for ei bru i indre i særleg grad.

Nokre faktum: Årsdøgntrafikken i 2017 for Lote-Anda var 1.369 bilar. For Kvivsvegen 1.705 bilar og på Utvikfjellet 1.093 bilar. Dersom trafikktala for Lote-Anda, med ein bompengesats som tek utgangspunkt i dagens ferjepris på 108 kroner, skal kome opp i over 4.000, må trafikken i regionen auke formidabelt. At ein bompengefinansiert bru mellom Lote og Anda skal få slike trafikktal i konkurranse med ei bompengefri E39-bru i indre, synest ikkje særleg realistisk.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør