Verksemda til Laila er eit studium i næringsutvikling. I 2012 starta ho med å spraylakkere bilete på lerret heime på kjøkenet på Garlid i lia ovanfor Mindresundet i Stryn. Etter kvart som oppdragsmengda auka på, starta ho enkeltmannsføretak og flytta aktiviteten til ei

Målebud ho har fått bygd ved sidan av bustadhuset. No er målebuda også i ferd med å bli for lita. I eit 500 kvadratmeter stort næringsbygg nedanfor bustadhus

Et skal broren flytte inn med maskinentreprenørverksemd. I ein del av bygget skal Laila byggje lakkboks. Boksen er allereie kjøpt inn og ventar på å bli montert.

-Eg har alltid likt å teikne og eg har alltid hatt lyst å bruke det til noko. Det var stort sett det eg dreiv med i timane på skulen. Eg har måla bilete i 20 år, mest akvarell og akryl. Motivlakkeringa starta etter at eg trefte sambuaren min, Frank Bergheim. Eg sa til han at dette var noko eg kunne tenke meg å prøve. Det har alltid fascinert meg. I julegåve i 2011 fekk eg eit startsett av han. Det var ein enkel startpakke med minikompressor.

Vaks ut av kjøkenbenken

Laila byrja teste ut teknikken på kjøkenet.

–Eg fann ut at det ikkje var så vanskeleg. Det vart ein del svevestøv, så då det byrja bli eit visst omfang, måtte eg flytte ut av kjøkenet. Ho er sjølvlært, men har gått to kurs på Os utanfor Bergen med ein kar frå Australia som lærar.

-Dette med motivlakkering var stort på 1980-talet. Så forsvann det litt, men no er det tilbake for fullt. Førebileta mine er Ivar Åsland og Glenn Andersen. Dei held til på Austlandet. Det er ein g

jeng som lever av dette her i landet, men eg veit berre om eit par andre kvinner. Ifølgje Laila kan ho lage motiv etter bilete på alt som kan lakkerast. Ho nemner bilar, postkasser og skiferheller. Av det meir spesielle ho har skapt er geitemotivet på siloen på Egge i Breim, rett ved E39.

Samarbeider med Nomek

–Postkasser er det eg har dekorert mest. Eg trur eg har sendt 500 stykke til alle delar av landet. Men eg har lyst å gjere endå meir bilar, seier ho. Staden ho får oppdrag er Facebook. Folk ser arbeida hennar på sida Laila Garlid Motivlakkering. Sender dei eit biletet, teiknar Laila

på det dei måtte ynskje, og sender det ferdige biletet i posten. Det siste verket innan bil er arbeidsbilen til sambuaren. VW Transporter-en er dekorert med ulike western-motiv og

med bilete av countryartisten Alan Jackson bak.

-Sambuaren min driv i byggjebransjen og er i tillegg flink med bilar. Vi samarbeider. Eg brukte 100-120 timar på å dekorere bilen. Viss eg brukar tre arbeidsveker på ein slik jobb, er fem-seks arbeidsdagar førebuing.

–Eg har eit godt samarbeid med Nomek i Stryn. Dei byggjer bilar, og eg lakkerer dei dersom eigaren ynskjer det. Slik store bilar kan eg ikkje ta opp hit, då får eg bruke hallen til Nomek. Eg har også godt samarbeid med billakkerar Torbjørn Flo.

Arbeidsreiskap: Denne målepistolen, «paintbrush» på engelsk, er det viktigaste verktøyet til motivlakkerar Laila Garlid.

Teiknar på frihand

Sjølve teknikken kallar ho «paintbrush». Det er ein pistol på storleik med handa kobla til ein liten kompressor via ein slange. På toppen av pistolen er ein liten behaldar der ho slår lakk i. Lakken blir spraya i små mengder ut av pistolen.

–Eg teiknar mykje på frihand. Til enkelte formasjonar kan eg bruke sjablong. Då tek eg ein tynn plastfilm og limer på, så skjer eg ut motivet med ein liten skalpell og sprayar rundt. Eller eg kan lage sjablong av papir. Då finn eg bilete på nettet og printar ut. På toppen av dekoren

på bilar legg vi klarlakk for at det skal halde seg.

Countryhelt: Alan Jackson er favorittartisten til sambuaren. Han måtte få ein sentral plass på bagasjeromsluka.

Planlegg å prøve seg på fulltid

I dag har Laila Garlid 50 prosent jobb i kommunen. Ho har planar om å prøve seg som motivlakkerar på fulltid.

– Eg har oppdragsmengde nok til å ha det som jobb. Men det er noko med tryggleiken i det å

ha ein fast jobb. Så eg har behalde 50 prosent av jobben med psykisk utviklingshemma. Det er ein jobb eg har hatt i 28 år, og som inneber ein del nattevakter. Eg syslar med tanken om å

prøve meg i eiga verksemd på fulltid og kanskje spørje om eit års permisjon for å

prøve det ut.

Sonen Oskar Garlid Storaker har gått i billakkerar-lære hjå Torbjørn Flo og er ferdig med læretida med det første. Lakkboksen dei er i ferd med å byggje i det nye næringsbygget nedanfor garden kan bli sentral i utvikling av eit næringssamarbeid mellom mor og son.

–Det ligg i alle fall moglegheiter for at han kan starte med lakkering og bilpleie der. Det kjem litt an på om Oskar får seg annan jobb eller ikkje. Vi har kjøpt inn lakkboksen, men det gjenstår mykje jobb med å setje han opp. Lakken ho brukar er vassbasert, men ho må bruke maske.

–Det er ein slags flytande plastikk. Laila fortel at ho såg raskt at det kunne være marknad for

å drive med motivlakkering på full tid.

-Eg starta i 2012 og såg allereie første året at dette var noko eg kunne leve av. Eg starta då enkeltmannsføretaket. For fire år sidan bygde eg målebuda, eg måtte ut av kjøkenet. No byrjar målebuda bli lita også.