I dag kunne dei første treningsivrige ta i bruk dei nye lokala til Gym Stryn.

- Vi har hatt tre timar i dag allereie og dei nye lokala har blitt tekne godt imot, seier eigarane Ann Kristin Grodås og Siri Linn O. Haugen.

- Kjenn så kjølig og godt her er, seier Haugen, og tek oss med inn i den store hallen som Tollpost tidlegare var lokalisert i.

Utan lokale

Dei fleste gruppetimane til treningssenteret har fram til nynelg vore gjennomført i 2. etasje på Stryn Torg. Men med korttids-leigeavtale måtte dei i vår vike plass for ein ny butikk som skulle inn på kjøpesenteret. Siste par månadane har dei stått utan lokale i påvente av å kome inn i "Kveen-bygget".

- Vi var litt redde for denne overgangsperioden men eg trur vi klarte å få ei ok løysing, seier Haugen.

Det meste av gruppetimar vil føregå i dei nye lokala. Blant anna spinningtimane.

- Nesten samlokalisert

Gym Stryn starta som eit tradisjonelt treningssenter, med hovudvekt på eigentrening i apparat og crossfit-timar for grupper. I fjor slo dei seg saman med Studio Basis og tilbyr i dag ei rekkje ulike gruppetimar innan mellom anna spinning, slyngetrening, crossfit og basis ball.

Med treningssenteret i dei tidlegare TIP-lokala til Stryn vgs, betyr det at det no berre er ein parkeringsplass som skil dei to treningslokala.

- Ja, no er vi så godt som samlokaliserte, seier Grodås.

- No blir det endå enklare å gå på ein gruppetime og kombinere med eigentrening før eller etter, legg ho til.

Dei nye treningslokala ligg i "Kveen-bygget", der Tollpost tidlegare hadde si stryneavdeling.

- Betre kontroll

Også dagleg leiar Jeanett Risberget tykkjer den nye kvardagen ser betre ut.

- No føler eg at eg har betre kontroll på begge stadane, og det blir lettare for meg å møte fleire av medlemmane, seier ho.

I tillegg til den svære treningssalen rår dei også over garderobar, eit kjøkken og eit kontor.

- Vi er ikkje i mål med alt enno, men dette trur vi skal bli veldig bra, seier Haugen.