Eit samrøystes styre i Ekornes har tilrådd aksjonærane sine at Ekornes blir selt til Kinesiske "Qumei Home Furnishings Group". Aksjonærar, som representerer 25,65 prosent av Ekornes’ aksjekapital, har alt akseptert tilbodet, heiter det av ei pressemelding frå Ekornes onsdag føremiddag.

Eit krav frå det kinesiske selskapet er at dei får kjøpe minst 55,57 prosent av aksjane.

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, legg ikkje skjul på at han vart skeptisk då han høyrde om eit aktuelt sal av Ekornes så seint som i går, tysdag.

- Generelt er eg skeptisk til at eigarar ikkje er lokalt forankra, men eg er sjølvsagt positiv til at både dei nye eigarane og Ekornes ynskjer å halde produksjonen der den er. Det ville ha gleda meg stort med auka sal og auka aktivitet ved Ekornes på Grodås, seier Lødemel til Fjordingen.

Det kinesiske selskapet, som pr. i dag har 850 utsalgsstader i Kina, har tilbudt 139 kroner per aksje for selskapet og med det verdsatt Ekornes til 5,1 milliarder kroner.

- Den kinesiske møbelmarknaden er i sterk vekst. Eit sal vil opne den kinesiske marknaden for Ekornes. Vi meiner dette vil resultere i auka sal av våre produkt og auka produksjon ved våre fabrikkar i Norge og utanlands, og ei positiv utvikling for Ekornes og bedrifta sine tilsette, meiner konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.

- Om produksjonen vil halde fram i Norge slik det blir sagt i dag, så kan dette vere veldig positivt. Ekornes er særdeles viktige for oss, seier Lødemel.